Historier fra svunnen tid

Bjørnehistorie fra Slettlia.

Det var i 1873. På den tida var det tre gardar i Gumpedalen. Det var Vestgård og Østgård. Nedre Vestgård var og tilflyttet av samme slekta som på øvre Vestgård. Så var det ein gard i Slettlia, ein litt lengre vest attmed Skøvatnet, og ein i Sandvika, på sørsida Vatnet.

I Slettlia bodde Hans Mortensen og kona Berit. Søstera til Berit, Gisken. Ho var lita av vekst og var krøpling står det om henne i barduboka. Far sa hun var krumbøyd. Gisken dugde godt til å stelle dyra og var gjeter om sommaren.

Erik Olsen bodde i Brattlia. Han var bror til Berit og Gisken. Det er omlag to kilometer mellom Slettli og Brattli, og desse folka som var nær i slekt hadde mye samkvem.

Nå var Ole Rokmann, svigersønn til Erik Olsen blitt bruker i Brattlia. Han bodde der med familien og hadde en yngre bror, Allert Olsen til arbeidskar hos seg.

Far min, Olaus Brattli fortalte bjørnehistoria slik:

Det var ein kvardagskveld uti august. Eg fekk være med farbror min til Slettlia. Då vi kom, heldt dei just på å slipe ljåene til neste dag. Farbror tok slipsteinveiva og drog åt ljåene. Eg var berre ein gutonge på sju år og fekk halde i veiva attmed farbror si hand. Mannan prata og Hans fortalte at dei hadde fått bjørnetiend frå Reinaksla. Eg vil no bruke denne om det trengs, sa han og sette ein smal skarpslipt ljå på stueveggen. Han hadde ikkje rifla i stand.

Buskapen hadde dei i grindane om natta. No skulle ho Gisken ligge i grindhuset og skremme bjørnen etter varsku om det trengs. Allert og småguten gjekk heim.

I Brattlia vart dei ikkje uroa av bjørnen. Men dagen etter fekk dei vite ka som hadde hendt i Slettlia. Folka hadde sove ei stund. Hans vakna og gjekk ut i berre skjorta. Det var skumt enno. Han lydde ut i stilla. Jau, det var uro borte på jordet - det smalt i ein grindbolke. Hans tok fort ljåen frå stueveggen og for bort til grindane. Der hang beistet over den sundslegne bolken og over ryggen på ei ku. Luftdraget var slik at bjørnen ikkje ansa noken ting før han fekk ljåen i vomma. Mannen tok kuten heim, medan han hørte bjørnen sette i eit fælsleg skrik. Gisken vakna i grindhuset og kom seg noko fortumla ut utan å forstå at dyret var såra. Då kjem bjørnen mot henne, reiser seg på to og vil bruke eine framlabben til slag. Ho snur seg unda, men bjørnen greier å klore huda frå panna med eit flerr attover. Gisken gjekk støtt med huve - så det berga kanskje noko mot bjørnekloret. No var det Gisken som skreik. Hans var då komen til stutrappa, men snudde i samme farta for å berge henne. Bjørnen kjente nok mannen med ljåen. Han vendte seg mot Hans skuvde han i bakken og la seg over han. Hans lå der hjelpeslaus til bjørnen hadde gitt han fleire sår. Så forlot udyret han. Sidan kunne dei telle tjuesju bitt i armar og lår. Magen og ansiktet var uskadd.

I denne tida streva Gisken og Berit med å få den vettskremte buskapen i hus. Då dei var ferdig og kom til stutrappa, fann dei Hans der, blodig og fæl. Han hadde krøpe seg dit. Dei fekk mannen i seng. Berit forsto at her trong dei hjelp. Utan å bry seg om at ho hadde ein såra bjørn i nærheita, tok ho den gamle prammen og kom seg over elva og inn til jorda (nå nedre Vestgård) til næraste naboen. Dei andre blei og varskudd. Eit par kara tok på tur etter dokter. Næraste dokter var på Bukkskinn ( i Lavik). Først var det å ri til Skøelv (eller kanskje Bakkejord). Der kunne dei få båt.

Så tok to andre karer til skogs med riflene for å finne bjørnen. Ved grindane fann dei ljåen sett ned i jorda heilt til huken. Sporet gjekk til elva. Ein lang tarm låg etter marka. Frampå dagen fann dei han i det storvokste vidjekrattet på hi elvesida. Han så så levande ut der han lå med spilåpne augo og kjeften godt fastklemt over ein vidjelegg. Ingebrikt Larsen gav han ei kule i skolten. Det hadde ikkje trongs for bjørnen var alt steindau. Bitet var så hardt at dei sidan
drog heile dyret etter det festet fram til prammen.

Dei fekk bjørnen opp i tunet og stilte han opp attmed fjøsveggen. Så hjalp dei Hans fram til glaset så han kunne få sjå den bjørnen han var nøydd til å drepe med ein ljå - og i berre nattskjorta.

Det lei til nonstida før dokteren nådde fram. Mange av naboene var samla der då. Far var der og i lag med dei vaksne fra Brattlia. Det var stilt i huset og mest som ei høgtid då dokteren gjekk inn til Hans. Dei forstod nok at blodtapet var i meste laget.

Far fortalte at det han hugsa best var då Gisken gjekk fram til dokteren. Ho fekk fleire sting i panna, men ikkje ein knyst å høre. Ho var ildtålig som dei hine i slekta.--Så slo ho eit slag med huva si - som for å riste vekk noko av styggedommen: "Styggen rev sund huva mi". Det var hennes kommentar til hendinga.

Hans Mortensen låg til sengs i om lag eit og eit halvt år etter den natta med bjørnen. Sidan selde han garden, og i 1875 reiste han med familien til Amerika og levde der i mange år.

Denne bjørnehistoria har eg hørt av farmor mest, men og av far, og alltid akkurat likt, slik som eg har fortalt den her. Ellers var det mange historier å lytte til av det som dei hadde opplevt på ymse måter.

Brattli 21 mars 1967.
Skrevet av Hilda Stien.

Karen Bergersen og to av døtrene, Hilda Bertea og Olivia Marie.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

29.01 | 17:04

Interessant å lese. D/S Selis het opprinnelig D/S Malula og ble bygget i Rosendal i 1918 for min russiske oldefar Michael Sergejewitch Roshchakowsky.

...
06.01 | 01:05

Ja, jeg er innom her og leser med jevne mellomrom, må liksom ha det litt nært.

...
06.01 | 00:13

Fantastisk lesning dette.En utrolig historie.Kan jo bare tenke seg hva disse karene måtte gjennomgå.

...
08.03 | 16:05

Hei John! Her ser eg bilde av oldefar Peder og oldemor Hilda, samt Emely, søster til bestefar Asbjørn. Dessutan så likner dame nr to frå høgre tippoldemor Anna.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE